Hopp til innhold

Varsel om oppstart av detaljregulering for Liarvåg Strømberg - planID 202101 — Tysvær kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil vi med dette informera om at Omega 365 Areal AS på vegne av grunneigar skal utarbeide forslag til ny detaljregulering for Liarvåg Strømberg på gnr/bnr 143/8 i Tysvær kommune. Planområdet går fram av vedlagte oppstartskart og er ca. 14 daa. Varsel om oppstart vert lagt ut på desse nettsidene: tysver.kommune.no og areal.omega.no. Vedlagt finn de planinitiativ og referat frå oppstartsmøtet med kommunen.

Føremålet med planarbeidet er å legga til rette for fritidsbusetnad i planområdet (3-4 tomter), med ein avstand på ca. 100 meter til sjø. Det er tenkt ein samla tilkomst frå hovudvegen for alle tomtene i planområdet saman med eksisterande bustad, med felles parkering for fritidsbustadane. Området ned mot sjø vil regulerast til friluftsområde el.l. Det skal ikkje regulerast båtplassar i sjø, då grunneigar allereie har fleire tilgjengelege båtplassar på allereie opparbeidd anlegg like i nærleiken.

Området er ikkje regulert, men er sett av til LNFR- område i arealdelen til Tysvær kommune sin kommuneplan frå 2015, med omsynssone funksjonell strandsone FS28_H530. Områder i sjø er avsett til noverande bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone.

Planarbeidet er av Tysvær kommune vurdert til å ikkje utløysa krav om konsekvensutgreiing (KU). Utgangspunktet er KU-forskrifta sitt kapittel 2 som seier noko om kva tiltak som alltid skal konsekvensutgreiast og ha planprogram eller melding. §6 b) reguleringsplanar etter PBL for tiltak i Vedlegg I. I Vedlegg I nr. 25 står det at nye bustad- og fritidsbustadområder som ikkje er i samsvar med overordna plan skal konsekvensutgreiast.

I februar 2020 kom det frå departementet ei ny rettleiing om konsekvensutredningar for planer etter PBL. Punkt 8.1 i denne omhandlar enkelte tiltak i vedlegg I bl.a. nr. 25 Nye bustad- og fritidsbustadområder. I punkt 8.1.3 står det at departementet legg til grunn at føresegna i vedlegg I nr. 25 omfattar områder på 15 dekar eller meir. Ut frå dette har kommunen vurdert at denne planen ikkje krev KU etter forskrifta.

For nærare informasjon om planarbeidet, kan du kontakta Omega 365 Areal AS, v/Elisabeth Silde tlf 977 40 808 eller vårt sentralbord tlf 975 40 000.

Eventuelle merknadar eller innspel til oppstart av planarbeid kan sendast til Omega 365 Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 06.04.2021.

Etter at meldingsfristen er utgått vil sjølve planforslaget bli utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs behandling blir planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då vere mogleg å koma med eventuelle innspel/merknadar og motsegn til planforslaget før endeleg behandling av planen.

Bilder