Hopp til innhold

Varsel om oppstart av detaljregulering for Lundeneset — Vindafjord kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil vi med dette informere om at Omega 365 Areal AS på vegne av Lundeneset Videregående Skole skal utarbeide forslag til reguleringsplan for Lundeneset, Vindafjord kommune. Planområdet går fram av vedlagte kart. Sjå også vedlagt oversiktskart, planinitiativ og referat frå oppstartmøte. Varsel om oppstart blir lagt ut på heimesida til Vindafjord kommune og areal.omega.no.

Området er i arealdelen til kommuneplanen sett av til byggjeområde for offentleg og privat tenesteyting. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for offentleg og privat tenesteyting med tilhøyrande infrastruktur, fellesområde/leik og sjøanlegg. Lundeneset VGS ønskjer mellom anna å utvide bu- og undervisningstilbodet for elevar og tilsette. Tilkomst til området vil vere frå Fv 543 Bjoavegen som i dag.

Planområdet er på ca. 110 daa.

Området er av Vindafjord kommune vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU), då planarbeidet er i samsvar med overordna plan, kommuneplanen.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega 365 Areal AS v/Elisabeth Silde, tlf. 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til:

Omega 365 Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 20.08.2019.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.