Hopp til innhold

Varsel om oppstart av reguleringsplan for Hervik B61 — Tysvær kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega 365 Areal AS på vegne av Olaf Pollestad skal utarbeide forslag til reguleringsplan for Hervik B61 - bustadområde, Tysvær kommune. Planområdet går fram av kart.

Området er i arealdelen til kommuneplanen for det meste sett av til byggjeområde for bustader. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for bustader og konsentrerte bustader med tilhøyrande anlegg. Tilkomst vil vere via fv776 og eksisterande private veg. Eigedomsgrensene er noko usikre, så plangrensa kan verta endra noko etter grensepåvisning.

Området er av Tysvær kommune vurdert til ikkje å utløysa krav om konsekvensutgreiing (KU), då reguleringsarbeidet er i samsvar med føremålet i kommuneplanen.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega 365 Areal AS, tlf. 977 40 808.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til

Omega 365 Areal AS, Kvassen, 5582 Ølensvåg  eller e-post areal@omega.no innan 30.03.2014

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Bilder