Hopp til innhold

Varsel om oppstart av reguleringsplan for bustader og naust ved Løebakken i Skånevik sentrum - del av gnr. 136, bnr. 13 og 24 — Etne kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega areal AS skal utarbeide forslag til reguleringsplan for bustader og naust ved Løebakken i Skånevik sentrum. Planområdet går fram av vedlagte kart, og omfattar delar av gnr. 136, bnr. 13 og 24.

Tiltakshavar er Mari Espeland m.fl. Området er i reguleringsplan sett av til byggjeområde bustad, naust og ein mindre del friområde. Føremålet med planarbeidet er å legga til rette for bustader på sørsida av vegen og nokre naust mot sjø. Eksisterande avkøyrsle vil verta nytta.

Etne kommune har vurdert og konkludert med at planen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing, då det no vil bli utarbeidd ei detaljregulering til same føremål som gjeldande reguleringsplan.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega 365 Areal, tlf. 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega 365 Areal AS, Kvassen, 5582 Ølensvåg eller e-post areal@omega.no innan 06.12.2013.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Bilder