Varsel om mindre reguleringsendring av Lontjørnshaugane, felt Q4 — Ullensvang kommune
I samsvar med § 12-14 i Plan- og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega 365 Areal
AS på vegne av Seljestad Hyttegrend AS har utarbeidd forslag til ei mindre reguleringsendring av
planen Lontjørnshaugane i Ullensvang kommune. Den mindre endringa er vist i vedlagte kart.
Endringane er omtalt i vedlagt planskildring.
Føremålet med planendringa er å tilpasse situasjonen som bygd med plankartet slik at desse er i samsvar. Dei mindre endringane omhandlar ei justering av tilkomstvegen og juridiske tomtegrenser i felt Q4 for å sikre to naturlege kollar i området, og kjem som følgje av at ein har gått nærare inn i detaljane i samband med utbygging. Endringa sikrar også betre tilgjenge mellom feltet og tur-/skiløypa.
I tråd med pbl. §12-14, 2. ledd, vil ikkje dei mindre endringane gå ut over hovudrammene i gjeldande plan, og vil heller ikkje påverke gjennomføringa av denne. Endringane syt for betre bevaring av terrenget og naturlege kollar, og vil ikkje røyre ved omsyn knytt til natur- og friluftsføremål.
For nærmare informasjon kan du kontakte Omega 365 Areal AS på telefon 975 40 000.
Eventuelle merknader til den mindre reguleringsendringa kan sendast til
Omega 365 Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller via e-post areal@omega.no innan 10.10.2021.
Etter at meldingsfristen er ute vil den mindre reguleringsendringa verte innsendt til kommunen for politisk behandling.