Hopp til innhold

Mindre reguleringsendring for bustadområde Osen, Roafeltet — Vindafjord kommune

I samsvar med §12-8, jf §12-14 i Plan- og bygningsloven, vil vi med dette informera om at Omega 365 Areal AS på vegne av Roa Tomteselskap har utarbeidd forslag om mindre reguleringsendring for bustadområde Osen - Roafeltet. Planendringa går fram av vedlagte reguleringskart og føresegner. De blir varsla som offentleg mynde, grunneigar eller nabo.

I samsvar med drøftingar mellom Roa tomteselskap og Vindafjord kommune er det semje om å fremma forslag til mindre reguleringsendring. Roa tomteselskap har planar for bygging av boligar, og ser ved plassering av bygg at regulert veg ikkje er optimal for den utbygginga gjeldande plan legg til rette for. Vi har difor føreslått ei mindre endring av området avsett til bolig og veg (sjå vedlagt gjeldande reguleringsplan og forslag til endring). Det er gjort ei endring i vegføringa etter kryss til andre boligrekke. På bakgrunn av dette er føresegner endra.

Skulle det i løpet av prosessen vise seg at saken blir omgjort til ordinær reguleringsendring, må dette varselet sjåast på som oppstartvarsel for reguleringsendring etter plan og bygningslova § 12-8.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til

Omega 365 Areal AS, Kvassen, 5582 Ølensvåg  eller e-post areal@omega.no innan 11.04.2014

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Bilder