Varsel om oppstart av arbeid med endring av reguleringsplan for Skrabbavikjo, Hervik, med tilhøyrande reguleringsføresegner — Tysvær kommune
I samsvar med § 12-14, 2. ledd i plan- og bygningsloven blir det med dette varslet oppstart av privat reguleringsendring.
I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega 365 Areal AS på vegne av Berge Sag AS skal utarbeide forslag til endring av nemnde reguleringsplan. Utsnitt av planen med aktuelt endringsområde er vist i vedlegg. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Tysvær kommune og Omega 365 Areal AS.
- Det blir varsla om mindre endring av gjeldande regulering Innanfor følgjande føremål
- utleigeeining/vaktmesterbustad i bygning for bevertning
- småbåthamn med flytebrygge for 25 båtplassar i vika i sør
- tilkomst til ny flytebrygge på turveg frå sør
Føremålet med reguleringsarbeidet er å legga til rette for serveringsverksemd i tilknyting til gjestebrygge.
Området er av Tysvær kommune vurdert til ikkje å utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU).
Denne varslinga må sjåast på som eit høve til å koma med merknadar før det blir gjort vedtak. Ved eventuelle vesentlege merknadar i varslingsperioden kan planarbeidet bli gjort om til vanleg detaljreguleringsprosess. Dersom det ikkje kjem vesentlege merknadar i varslingsperioden vil saka bli behandla som endring etter § 12-14 2. og 3. ledd. Vedtaket av den mindre endringa blir ikkje lagt ut til offentleg ettersyn.
For nærare informasjon kan du kontakta Omega 365 Areal AS, tlf 975 40 000/469 82 007.
Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega 365 Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 11.05.2018