Hopp til innhold
  • År
    2025
  • Type
    Brannstasjon
  • Status
    Konkurranseforslag
  • Sted
    Sveio
  • Størrelse
    400 m²
  • Byggherre
    Sveio kommune


Førde brannstasjon

Omega 365 Areal ble invitert til å gi sitt bidrag i konkurranse om å teikne ny brannstasjon ved Førde i Sveio Kommune. Det blei gitt to forslag for to ulike plasseringar i bygda.

Forslag A har bua tak tilpassa den lokale gangstien som bind øvre og nedre del av Førde saman. Under utstikket kan ein ta seg ein luftepause i ly for vêret. Stasjonen kjem tett på bygda, noko som skapar god kontakt mellom dei lokale innbyggjarane og dei tilsette ved brannstasjonen. Bygget sitt visuelle uttrykk speglar kvalitetar frå den lokale byggeskikken i ei moderne og nøktern tolking. Bygget er forma som eit langhus med saltak. Taket er kledd i skifer og har kraftig utheng som både vernar trekledninga og gjev ly i nedbø

Forslag B si form er definert av tre saltakbygg sette saman til ein heilskap. Vognhall og vaskehall har møneretning aust-vest, medan bygget med personalfunksjonar i midten har møneretning nord-sør og ei lågare mønehøgde. På denne måten vert bygningskroppen broten opp og får mindre volumverknad på staden. I tillegg kjem den bakanforliggjande naturen til syne, og bygget får ein silhuett som spelar på lag med landskapet. Utanfor personalfunksjonane er skifertaket forlenga i eit kraftig utheng som både vernar trekledninga og gjev ly i nedbør. Det utvendige rommet under taket kan brukast til både lunsj og trening. Vindauge er plasserte for å sleppe inn mykje dagslys i arbeidsområda, samstundes som dei visar fram berekonstruksjonen.