Hopp til innhold

Varsel om oppstart av detaljregulering Kambe-endring — Etne kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningsloven, vil vi med dette informere om at Omega 365 Areal AS på vegne av Tomteselskapet Etne skal utarbeide forslag til detaljreguleringsplan for bustadområde på Kambe i Etne. Planområdet går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Etne kommune og Omega 365 Areal AS.

Området er i arealdelen til kommuneplanen avsett til bustadområde. Planområde inngår i eksisterande reguleringsplan for Silde og Kambe. I gjeldande reguleringsplan er området avsett til einebustader med tilhøyrande anlegg. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for meir konsentrerte bustader med tilhøyrande anlegg.

Området er av Etne kommune vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU), då bustadføremål er i samsvar med kommuneplanen, og hovudføremålet i eksisterande reguleringsplan.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega 365 Areal AS, tlf 975 40 000.

Eventuelle innspel til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega 365 Areal AS, Kvassen, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 31.03.2015.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget bli utarbeidd i samarbeid med Etne Tomteselskap. Etter første gongs handsaming blir planen lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve for å kome med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming/godkjenning av planen.