Hopp til innhold

Varsel om mindre endring av detaljregulering for Litla Kråko – PlanID 1222_201103-01 — Fitjar kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil vi med dette informera om at Omega 365 Areal AS på vegne av grunneigar Kjell Hjelmen har utarbeidd forslag til mindre endring av reguleringsplan for Litla Kråko i Fitjar kommune. Planendringa går i hovedsak ut på mindre justering av gangveg, og ein grensejustering mellom tomtene 48/36 og 48/37. Det er difor berre snakk om ei mindre justering mellom areal til fritidsbustader og gangveg.

Det blir varsla om mindre endring av gjeldande reguleringsplan, då hovudføremåla i eksisterande plan vert vidareført, og det nå berre er snakk om ei mindre omrokkering innanfor området. Slik søknaden føreligg no er det ingen utviding av 48/36 ut i friområde eller mot sjø. Gangvegen vert med dette tilpassa terrenget på ein mykje betre måte, ved at den går langs eit naturleg berg og føl naturleg sti. Med dette vil ein kunne laga gangvegen mykje enklare med vesentleg mindre terrenginngrep. Tomta 48/36 vil med dette få ein mykje betre arrondering, og meir naturtilpassa flate å byggja på. Nedre del av tomt 48/37 vil verta regulert til friluftsformål som vist på vedlagt kart.

Denne varslinga gjev høve til å kome med merknader før det blir gjort vedtak om mindre endring. Ved eventuelle vesentlege merknader i varslingsperioden kan planarbeidet bli omgjort til vanleg detaljplanprosess. Om det ikkje kjem vesentlege merknader i varslingsperioden vil saka bli behandlet som mindre endring, jf § 12-14 i Plan- og bygningslova. Eksisterande plan i dette området vil med den nye planen bli oppheva. Vedtaket av den mindre endringa blir då ikkje utlagt til offentleg høyring.

For nærare informasjon kan du kontakte Omega 365 Areal AS, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til
Omega 365 Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 16.12.2016.