Hopp til innhold

Varsel om oppstart av mindre endring av reguleringsplan for bustadområde 186/31 Porsvikneset — Kvinnherad kommune

I samsvar med §§ 12 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega 365 Areal AS på vegne av Porsvikneset AS skal utarbeide forslag til mindre endring av reguleringsplan for bustadområde 186/31 Porsvikneset på Valen i Kvinnherad kommune. Planendringa gjeld endring av føresegner innanfor vedlagt planområde. Gjeldande føresegner og forslag til endringer er vedlagt.

Det blir varsla om mindre endring av gjeldande regulering der området er sett av til bustader m/tilhøyrande anlegg. Føremålet med reguleringsarbeidet er å legge til rette for andre takformer enn berre saltak, ein mindre justering av høgd for å betre tilpasse terrenget innanfor området B2 og ein opning for at det kan oppførast 3-mannsbustad på område B2.

Denne varslinga må sjåast på som eit høve til å kome med merknader før det blir gjort vedtak. Ved eventuelle innkomne merknader i varslingsperioden kan planarbeidet bli gjort om til detaljplanprosess. Dersom det ikkje kjem vesentlege merknader i varslingsperioden vil saka bli behandla som mindre endring, jf § 12-14 i Plan- og bygningslova. Vedtaket av den mindre endringa blir ikkje lagt ut til offentleg ettersyn.

For nærare informasjon kan du kontakte Omega 365 Areal AS, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega 365 Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 21.12.2015.

Bilder